Petter Northug jr. – Ivar Andreas Vaa gjesteblogger

Vi var gode venner, naboer og kolleger på nittitallet, derfor er det ekstra hyggelig å presentere dagens gjest. Ivar har et blikk for andre mennesker, gjør seg mange refleksjoner og liker å dele tankene sine med andre. Derfor er han også gjesteskribent i Fjell-Ljom med jevne mellomrom. Han er  også mer enn allminnelig interessert i sykkel og ski, så kanskje ingen bombe at Petter Northug jr. er tema for dette innlegget? Velkommen hit Ivar Andreas Vaa, hyggelig at du tar Petter med deg! Og til dere og alle andre som stikker innom her, riktig god helg!

___________________________

Ivar Andreas Vaa

Ivar Andreas Vaa

Måndag såg eg ein snill mann på TV. Vår råbarka langrennsstjerne, Petter Northug jr.. Han vi elskar å sjå, som står fram som eit dyr  og knuser andre i spurten. Det renn ville ord og kjensleutbrott av han medan kamera står midt oppe i nasen hans, eller andre stader det måtte høve.  Pressefolk får sitt om dei spør. Han vil konkurrere, han vil erte, han vil vera uslipa. Vi ler, meiner noko og klukkar vidare, medan vi tenkjer at det er han det her, slik er Petter. Alle kan ikkje vera slik. Alle er ikkje slik heller, det kan vi berre legge frå oss. Svenskane riv seg i håret og vi norske ventar at dyret i han skal underhalde oss med å overmanne konkurentane. Då er vi i drift mot noko.  Mot glede og entusiasme, kanskje. Vi leitar etter ein helt. Ein helt som vinn for oss. Ja, det er litt av ein gut dette.Så er han der, i fine sommarfarger på ein idyllisk gard heime i Mosvik fortel same guten om den gong han sprang runde på runde rundt huset, erta oksen i fjøset og bar fôr til dyra. Om morgonen før dei andre i huset hadde stått opp hoppa han ut glaset og sprang ned til «besta og besten», Petter senior. Det vibrerte ei varm ånd som rørde oss alle då Petter junior fortalde om Petter senior. Han hadde betydd alt for han. Så fortalde han om stundene han hadde kjent han betydde alt godt for den gamle, alle dei stundene dei stødige og snille besteforeldra hadde lært guten å beundre, vera glad i. Dei siste orda frå den gamle til den unge var:  «Vis dei ryggen, Petter». Ein av dei  råaste  karane frå mediebildet snakka om si takksemd til bestefar så vi forstod at  det er noko som er langt viktigare enn idrett. Bestefar gav meg styrke og mot, sa han.

Om ikkje dette var nok, held han fram med si takksemd til familien sin så vi alle fortod han meinte det av heile sitt hjarte. Villdyret frå spurten i langrennssporet var ikkje tilstades akkurat der.

Eg sat der i fleire minutt og forstod at det hadde gått kloke ord gjennom hovudet mitt frå Petter Northug jr. Om å finne fram eigen takksemd som eg har og minnast dei som har betydd mykje og kanskje enda meir. Eit grunnfjell i kvar av oss må koma til synes, få æra si. Eg takkar han for at han denne kvelden minna meg på dette.  Bruk nokre få minutt i dag og finn fram takksemda di.

4 thoughts on “Petter Northug jr. – Ivar Andreas Vaa gjesteblogger

  1. Kloke ord om å finne frem takknemligheten. Den vi skjuler så ofte i våre krav om ett eller annet i hverdagen.
    Takk for hyggelig lesning, til Fjellcoachen og gjesteskribenten. 🙂
    Fin lørdag 🙂

    Lik

  2. Tilbaketråkk: Ettertanke – Ivar Andreas Vaa gjesteblogger | fjellcoachen

  3. Tilbaketråkk: Snilt og spennende – samblogging med Ivar Andreas Vaa | fjellcoachen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s