Ettertanke – Ivar Andreas Vaa gjesteblogger

Ragna

Hordalending på fjelltur

Det er søndag ettermiddag, jeg er så heldig at jeg både har fysisk besøk fra Hordaland og virtuelt besøk fra Røros. Det begge gjestene mine har til felles, er at de er glade i å skrive, og at teksten flyter best på nynorsk. Etter vårens kanskje siste skitur i dag (siden planene for april er mange) og løfte fra hordalendingen om at hun vil sende en tekst etter hvert, slipper jeg i dag til Ivar Andreas Vaa som skriver om alt det han skulle ha gjort og hverdagene som spiser tida, dag etter dag.  Sånn til ettertanke…

_______________

Eg skulle så gjerne gjort noko eg drøymer om, for eg drøymer ofte og har mange fine draumar, synest eg sjølv. Men eg gjer det ikkje. Eg driv på med så mykje. Har ikkje tenkt igjennom det ein gong, dette tek dagane mine utan at eg heilt veit kvifor. Eg treffer dagleg menneske som driv med noko eg også har lyst til, men eg har ikkje tid til meir, ikkje eg. Det er klokast å vente til seinare, seier eg til meg sjølv, så får eg sjå om det fell seg slik og passar betre ein annan gong.

Påska er forbi, vinteren har komen langt og eg har ingen andre planer enn å gå på arbeid i morgon og møte dei hyggelege kollegaene mine. Det er godt å koma dit og gjera dei faste oppgåvene. Avklart på førehand og full av innhald. Det kjennast rett og godt nok. I overimorgon kjem det ein ny dag der det heller ikkje blir rom for anna enn det som brukar å skje på ein onsdag. Slik går dagane og eg ventar på noko eg ikkje veit kva er. Det er ikkje lenge til sommarferien, eller jakta til hausten, eller kanskje jul. Den kjem snart den og.

Ein dag sat eg i bilen, på veg til noko av det vanlege og høyrde radio. Det er litt tid til slikt då. Det var ei som ville fortelje noko, ho hadde noko på hjartet som var viktig. Eg høyrde etter. Radioen fortalde til meg, eg høyrde etter. Var det slik at eg brått hadde blitt interessert i å høyre etter kva tankar ein annan hadde? Det var jammen på tide. Eg slapp det til i meg. Eg tok eit magedrag, høyrde at eg sa til meg sjøl at no var eg klar til å ta inn over meg kva hennar historie var, utan at min kvardag skulle rote seg bort i bodskapen hennar. Det gjorde godt, kjende eg. Eg var klar.

Dama fortalde oss at ho gjorde alt ho kunne for å seie til seg sjøl at ho ville vera fornøgd med det ho gjorde nett no, att det var hennar val at det var slik. Skulle ho gjera noko anna, var det ho som måtte finne nøkkelen og vegen som gjekk til det ho ville fram til. Radiostemma vart stor og klok. Eg hadde store øyro og hovudet var skapt om til ein stad der eg tenkte meg om. Eg tenkte på kva eg synest var det beste eg dreiv på med om dagen. Det var så vanskeleg å svare at eg måtte snakke høgt til meg sjølv for å høyre kva eg tenkte. Det tok berre nokre minutt før eg sjølv stilte meg spørsmålet om kva eg hadde mest lyst til. Om det lot seg gjera da, la eg til. Svaret har ikkje kome enda, men eg er den einaste som kan svare. Det visste eg, sjølv om eg kan finne på å seie at noko anna stoppar meg. Ikkje nok med det, eg måtte finne vegen som førte dit eg ville også. Sidan eg ikkje viste kva eg ville, kunne sjølvsagt ikkje stien, eller vegen, peikast ut heller, – enda. Men eg forstod at eg sjølv måtte finne tida eg ville gjera endringane, korleis eg skulle få det til og kva som ville hindre meg.

Bilen hadde kjørt meg fram dit eg skulle. Eg måtte inn i kvardagen att, dama i radioen hadde lagt på og eg stoppa motoren.

Korleis skulle eg bruke dette tru? Hovudet mitt, som eg sa, hadde tatt til å tenkje på noko, ba meg skrive ned på eit papir kva som gjekk føre seg. Så låste eg dørane på bilen og gjekk inn i dagen som var akkurat no. Men det var ikkje ein dag lik dei hine. Det var brått skapt lyst til å bli betre.

Eg lova meg sjøl å ikkje sleppe kjensla, men sjå kva det kunne bli til.

10 thoughts on “Ettertanke – Ivar Andreas Vaa gjesteblogger

  1. Dette var ei finfin tekst !

    Mine tankar går ofte til vegvalg, dei eg alt har tatt og dei som eg veit må takast.
    Og eg trur vi er mange som ventar på at noko skal skje, men kva. Kanskje det kan hjelpe å skrive det ned, for meg også….
    Mvh Marie

    Lik

  2. Så godt sagt. Og absolutt til ettertanke! Jeg tror det er litt i tiden, dette budskapet. Og uten å vite det helt sikkert er det nok litt det samme de forskjellige «terpitypene» formidler. Enten det er lightening process, mindfulness eller kognitiv terapi utført hos psykolog. Fordi jeg altså tror det er litt i tiden og fordi jeg tror vi alle plukker opp essensen som høres mest fornuftig og riktig ut. Og helt sikkert fordi vi er lei av stess, kjas og mas i hundreogførti…
    Men var det ikke slik indianerne levde, mon tro? Og sikkert mange andre urmenensker…

    Lik

    • Og sanneleg er det slik at om vi trur vi ikkje tek val, er det også eit val. Vi kjem faktisk ikkje utanom at det er eg sjølv som er sjåfør i eige liv

      Lik

  3. Gode og viktige tanker, det er så mye som bare skjer, hvis vi ikke bestemmer oss for å ta styring selv. Noen ganger der det bra også, at noe bare skjer, andre ganger glemmer vi å rydde plass til de virkelig viktige tingene..

    Lik

  4. Tusen takk for den måten du formidler noe som jeg kjenner meg veldig igjen i ! Budskapet er kjent for meg- men din fortellerstemme gjorde noe ekstra med ett kjent budskap🙂 Alt det som vi må gjøre før vi kan gjøre det vi egentlig ønsker oss kan være reellt – men mye av det som ligger imellom en drøm om noe og handling som igangsetter det kaller jeg for motstand. Ikke livskraftens motstand- men en skygge. Skygger har stemmer fra fortiden….. Slike stemmer er ikke noe å høre på . JEg øver hver dag på å la være å høre på slike stemmer🙂 Nærmere kommer jeg også- hver dag .

    Lik

    • Jeg liker nynorsk som skriftspråk, det er også med på å påvirke fortellerstemmen.. Den motstanden du beskriver, tanketroll, tror jeg mange kjenner seg igjen i, ihvertfall gjør jeg det. Men det går an å ta opp kampen, slik du gjør hver dag.

      Lik

      • Nynorsk som skriftspråk er godt slik som her- men det er «stemmen » og stemningen som berører meg – sammen med tema da, som er spot on🙂 Tanketrollet tar opp kampen- jeg ser at bak mye motstand ligger det edle gaver til meg -og mulig økologisk virkning🙂

        Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s