Snilt og spennende – samblogging med Ivar Andreas Vaa

Glede over markens grøde

Glede over markens grøde

Lokalmatdag. Besøk. Dugnad. Smaksprøver. Underholdning. Det har vært en dag med mange små og store møter mellom mennesker. Noen er venner fra før, andre finner et treffpunkt i felles interesse eller felles geografisk opprinnelse. Det handles, Kontakt skapes og befestes, alt basert på en grunnleggende tillit til at folk vil vel.  På vei hjem dukker denne teksten av Ivar Andreas Vaa opp i hodet mitt.:

«Nokon gonger blir eg så glad når eg møter nye folk. Synest det er så snilt og spennande. Eg kan undre meg på kvifor. Er det fordi eg ikkje veit noko om dei ifrå før, kanskje. Eg trur dei er så snille, på ein måte. Andre gonger blir eg så inderleg glad når eg møter dei eg kjenner godt. Eg veit at dei er snille og varme, heilt sikkert. Og så er det slik at eg skulle ønskje å treffe nokon eg ikkje har mot til å ta kontakt med, eller at det passar dårleg for å koma i kontakt nett no. Kvar gong eg får slik lyst kjenner eg at det er trua på at dei er gode og snille som driv meg. De har det kanskje slik de andre også? Det er tida for å stande med ordet snill. Vi går omkring i dagane våre og ønskjer å vera snille alle saman, gjer vi ikkje? Når eg seier dette til meg sjøl blir det ikkje farleg lenger å ta kontakt. Ingen synest eg er dum, naiv eller noko anna rart om eg søker andre, av ein eller annan grunn. Den beskjedne karen i meg gjer det ikkje så ofte eg burde gjera. Men eg trur eg er i godt selskap når eg seier eg vegrar meg fordi eg ikkje har noko viktig ærend når eg tek kontakt. Det er vel ikkje slik? Har de det som eg, blir eg glad om andre tek tak i meg og seier at dei fekk berre lyst til å sjå meg, høyre stemma eller kjenne handtrykket. Då er dei snille då. Dei snille er dei som vil meg vel. Dei som vil eg skal få det godt. Det er vel slik at utfordringar og usemje også er snill kontakt? Naudsynt korreksjon, om eg kan kalle det så, er også viktig for meg, fordi eg gjer dumme ting andre ikkje oppfattar som snilt. Det er kjempesnilt om det er mitt beste dei vil. Det er vanskelegare å kjenne det gode om det er ein kamp, eller spark på leggen som er motivet. Det kan faktisk gjera meg litt redd for å ikkje vera god nok. Litt sky, på ein måte.

Det går menneske omkring mellom oss som er meir redde enn meg, det trur eg. Men vi har det alle slik at vi er redde for at andre synest vi er lite snille. Kanskje kan det vera rykter, baksnakk eller andre dømmande situasjonar ein har i minne. Det er i alle fall ikkje bra for oss.

Dette er eit utspel for å vera raus, snill og søke det gode i oss no når sola gjer sitt beste og vi treffast ute, meir enn nokon gong ellers i året. Eg er klar.»

6 thoughts on “Snilt og spennende – samblogging med Ivar Andreas Vaa

  1. Snill bør man være, med andre og med seg selv. Men det er vanskelig for noen. Kanskje fordi «snill» ikke var en del av deres liv tidligere?
    Klem🙂 (den er snill)

    Lik

    • Hei mormor, trolig er det slik at snill også er noe man må erfare for å lære seg? Samtidig virker det som om noen har snillheten latent i seg uansett hva de erfarer av det motsatte. Snill søndagsklem til deg!

      Lik

  2. Når jeg møter nye mennesker tenker jeg ofte at «nå har jeg en unik sjanse til å begynne på nytt». De vet jo ikke hvem jeg er, så jeg kan bli den jeg ønsker å være. Det beste av meg selv. Og så kan jeg leke at de også er snille og greie, – slik at de kan få en sjanse til å bli det, om de ikke er det…. Eller noe sånt.🙂 God uke til deg!

    Lik

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s