Takksemd

Takk til gjesteblogger Ivar Andreas Vaa som stikker innom midt i tyttebærsesongen:

Ein gong då eg var liten var vi på tytebærtur, mamma og eg. Eg har høyrt mamma fortelje at det var med ei dame til. Eg hugsar ikkje kven det var, men eg har klart i minnet mitt at vi hadde salami som pålegg på nistematen vår. Vi hadde streva oss opp i åsen ovanfor husa heime, med ryggsekk og bøtter til å ha bær i. Damene plukka nok mykje tytebær, kjenner eg dei rett. Sjølv vart det nok ikkje så mange bæra i bøtta mi. Det var så fint å drive der på bergknausen vår med konglar som var sau og kyr i ein fin bondegard. Dei beita så stille attmed den store stuven der tytebæra stod så fint. Eg var i min vesle verden medan mamma og veninna hennar sanka bær i skogen i nærleiken. Ingen ting var farleg, vi var saman, det var sol og eg var mett av nistematen vår. Det er så langt tilbake at eg eigentleg ikkje kan hugse detaljer i det heile tatt, men då eg fortalde mamma at eg hugsa at vi hadde salami på maten og at vi nytta matpapiret med salamilukt på til dopapir då eg måtte det, lo ho og fortalde om turen.

I kveld var eg på bærtur i tytebærlandet, her, langt avstad frå barndommens trakter. Dei raude bæra stod tett i tett på tuvene, akkurat som den gongen. Eg raspa med meg i bærplukkaren min, minnast den gong vi hadde salami på maten og hadde det så trygt. Det var ingen stad som var betre å vera enn akkurat der eg var. Utan at de andre høyrde det, sa eg høgt i skogen: «takk for turen vi hadde, mamma.» Sola var låg, eg rusla bøygd mellom tuvene. Sette meg ned og syntest det var god, snill meining med det eg gjorde. Eg skulle gjera akkurat det eg har lært for så mange år sidan. Eg skulle heim å renske ut blad og lyng før eg laga syltetøy. Nokre små fuglar laga lydane sine, tytebæra var raude og eg var rørt. Eg var så takksam for det eg hadde fått av dei før meg og forstod at det var viktig for meg for alltid. Viktig for meg også når eg var mann åleine i skogen seksti år seinare.

Det skulle så gjerne vore ein moral i dette. Det er det også. Alle dei gode opplevingane vi gjev våre etterkommarar vil lagrast og gje meining ein dag det klaffar slik, når verda liknar litt på den gongen. Neste gong eg skal på bærtur skal eg ha salami på brødskiva, ha med meg telefonen og ringe til mamma der heime.

tyttebær

One thought on “Takksemd

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s