Ei søyle av tryggleik

Ragna Flotve

Ragna Flotve

Endelig, det er lenge siden sist, men nå har Fjellcoachen besøk igjen! Ragna Flotve er venninne og kollega i ånden, det vil si at vi arbeider med mye av det samme, men på hver vår kant av landet.

Akkurat nå arbeider hun med base i Os kommune i Hordaland, den samme kommunen der mine voksne barn tok sine aller første steg i barndommen, den tida også jeg hadde nynorsk som arbeidsspråk. Mer informasjon om Ragna finner du på http://www.heraklit.no Her kommer kloke ord om det myndiggjorte mennesket:
______________________________________________________________

For mange år sidan høyrde eg eit foredrag med David Kvebæk om det myndiggjorte mennesket. Han brukte omgrepa overmyndig, undermyndig og myndiggjort, og knytte denne historia til (slik eg hugsar ho):

Ein bedriftsleiar går rundt i bedrifta og bed medarbeidarane sine om å knyta skolissene hans. Den undermyndige gjer det han får beskjed om, men er veldig frustrert og sint etterpå. Han føler seg dårleg behandla. Den overmyndige (påfuglen) vil på ingen måte nedlata seg til dette, og seier nei. Kva gjer så den myndiggjorte? Han knyter skolissene, og kjenner ingen problem med det. Kanskje kan leiaren min ikkje knyta? Kanskje har han vondt i ryggen? Den myndiggjorte brukar ikkje tid på å fundera særleg over det. Han går trygt vidare.

Historia har følgt meg i arbeidet som endringsnavigatør og i møte med medmenneske i ulike fasar i eige liv.

Myndiggjorte menneske har ei søyle av tryggleik i seg. Du kan sjå det på dei. Trygg haldning; krøker seg ikkje saman, bikkar ikkje bakover. Står på eigne bein. Du sansar det i samtalen, i samarbeidet og særleg i vanskelege situasjonar.

Nokre gonger vaklar fundamentet, og du må leita etter ny balanse. Då hjelper det med ei søyle av tryggleik. Den trygge søyla er ikkje av betong. Om du ikkje kan bøyast vil du kunna knekka. Det gode livet krev evne til å tilpassa seg. Denne evna utviklar seg heile tida, i samspel med omgivnader som løftar deg – eller som held deg nede. Den trygge søyla er ikkje vedlikehaldsfri.

Eg er heldig. Eg har mange gode venner omkring meg, som hjelper meg med vedlikehaldet, som heiar på meg, løfter meg og som bidreg med å oppretthalda denne tryggleiken. Gode venner som støttar og hjelper når det kjem stormar i livet. Eg vil også gjerne vera medbyggar av trygge søyler for mine medmenneske. Det kostar ingenting, og skapar auka livskvalitet.

kakene var søtare før.                                                                                                                     

jorda meir firkanta                                                                                                                              

 eg bakar kaker frå nye oppskrifter                                                                                                   

jorda vert stadig rundare

(frå Framtida ligg bada i Fargar 2005)

Ragna Flotve

Endringsnavigatør

6 thoughts on “Ei søyle av tryggleik

  1. Så fint å lese. Til ettertanke. Nokre av setningane får plass i «skrible»-boka mi, dedikert forfatteren så klart🙂
    Marieklem

    Lik

  2. Tilbaketråkk: Min egen stamme | fjellcoachen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s